Ei stor hytte i eit flott område i Suleskard. Highlands er ei hytte etter moderne standardar, med ei lang utstyrsliste og med god romkjensle i stove, kjøkken og leikerom (som har ei open løysing). Highlands er også ei barnevennleg hytte, her er både mindre og større bakkar rett utanfor hyttedøra, her er ein terasse på 90 kvadrat og her er ca 300 meter bort til hovudvegen.
Flotte turområde på alle kantar, på sommartid går det an å leiga syklar og kanoar på Suleskard fjellsenter. Og på vinterstid er skiløypa i kort avstand frå hytta, mens Ådneram skitrekk ligg berre halvannan km herifrå.
Data om hytta:
Plassering: Suleskard. 600 moh.
Avstand til veg, sommartid: 15 meter.
Avstand snørydda veg: 15 meter.
Til alpinsenter: 1.5 km til Ådneram alpinanlegg.
6 km til Fidjeland alpinanlegg.
15 km til Ålsheia alpinanlegg.
Til oppkøyrt skiløype: 90 meter.
Til elva: 350 meter.
Til Suleskard fjellsenter: 300 meter.
Boligareal: 135 m2. Herav 90 m2 i 1. etasje og 35 m2 i 2. etasje.
Terasseareal: 90 m2
Byggeår: 2000.
Sengeplassar: 11 stk fordelt på 4 soverom og eit lekerom.
Sengefordeling: 1 soverom i 1. etasje har ei dobbeltseng (og barneseng).
1 soverom i 1. etasje har ei familiekøy. (m. 3 sengeplassar)
1 soverom oppe har ei dobbeltseng + 1 reiseseng.
1 soverom oppe har ei dobbeltseng + 1 reiseseng.
(begge reisesenger kan om ønskjeleg flyttast ut på leikerom.)
Romfordeling 1. etasje: Entre og vaskerom m/WC, Stove og kjøkken i eitt, spisestovebord for 8, sofakrok for 7.
Bad med golvvarme, WC, dusj.
Badstue for 4 personar.
2 soverom.
Yttergang med golvvarme.
Innergang.
Bod med golvvarme og vask.
Romfordeling 2. etasje: Leikerom for barn.
2 soverom.
Utstyr: Golv-varme i fleire rom, ekstra klappstolar, peisovn, internet, fjernsyn med mange kanaler, DVD, 2 DVD-filmar, lydanlegg for heimekino, radio/CD/kasett-spelar, kjøleskap, fryseskap, oppvaskmaskin, fryseboks, badstu, barneseng, terassemøblar, grill, vaffeljern, brødristar, presskanne, miksar m.m.
Andre opplysningar: Murt med naturstein rundt pipa inne i stova. Supert turterreng. Ca 40 min. køyring (sommarstid) til Øygardstølen som er startpunkt for gåturen til Kjerag.
Det må ikkje røykast innandørs på denne hytta, og ta heller ikkje med kjæledyr inn på hytta.
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 | |||