Det er ca 350 meter å gå opp til Sildrebu frå parkeringsplassen. Dette er ein nokså bratt bakke, og gjestar som skal bæra bagasjen sin opp hit bør ha brukbar form og godt humør. Men utsikten frå hytta er så flott at ein angrar ikkje når ein først har kome hit opp. På vinterstid er det sjanse for å få leigt snøskuter-transport opp til hytta. Dette er ei ypperleg hytte for dei som vil kjenna at dei er til fjells, her er ein nær på naturen. Hytta er eit godt utgangspunkt både for turar opp mot Hilleknuten og f.eks for å køyra til Lysefjorden og Kjerag. Sildrebu har to terassar, ein som fangar morgonsola og ein som fangar kveldsola. Nedanfor den eine terassen renn ein liten bekk forbi, ein fin plass for ungane å leika.
Mot vest og nord ser ein ut over fjella i Ådneram og Suleskard-området, og bak hytta stig Hilleknuten opp. Sildrebu har ei stor stove og kjøkken i eitt. Her er også peis og ein stor hems som ein kan kikka ned på stova frå.
Hytta ligg plassert i Suleskard, i starten av fjellvegen over til Setesdal. På Suleskard fjellsenter kan ein sommarstid leiga syklar og kanoar.
Data om hytta:
Plassering: I Suleskard. 650 moh.
Avstand rydda veg, sommartid: 200 meter.
Avstand snørydda veg: 200 meter.
Avstand til parkeringsplass: 200 meter.
Til alpinsenter: 2 km til Ådneram alpinanlegg.
8 km til Fidjeland alpinanlegg.
16 km til Ålsheia alpinanlegg.
18 km til Tjørhomsfjellet alpinanlegg.
Til oppkøyrt skiløype: 500 meter.
Til elva: 900 meter.
Til butikk: 900 meter. (Fjellbutikken, Suleskard)
Antal andre hytter innan ein radius på 50 meter:
Boligareal: 105 m2, (herav 25 m2 på hems).
Terasseareal: 45 m2
Byggeår: 1992.
Sengeplassar: 10 stk. fordelt på 3 soverom og stova.
Sengefordeling: 1 soverom i 1. etasje med dobbeltseng.
2 soverom i 1. etasje har køysenger.
Hemsen i 2. etasje har 3 senger.
1 gamaldags seng i stova.
I tillegg er det 1 barneseng på eit soverom.
Romfordeling 1. etasje: Stove og kjøkken i eitt, spisestovebord for 10 personar, sofakrok for 7 personar.
Bad med golvvarme og dusj.
Do (snurredo).
3 soverom.
Yttergang med golvvarme.
Romfordeling 2. etasje: Ein stor hems.
Utstyr: Golv-varme i 2 rom, fjernsyn m. parabol, radio/CD-spelar, kjøleskap, fryseboks, peis, terasse-møblar, kaffi-traktar, brødristar, vaffeljern, Food-processor, microbølgeovn, 4 senger med gode madrasser.
Andre ting: Røyk ikkje inne på denne hytta og ta ikkje hund med inn i hytta.
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 | |||